Advokat Sturla Vik-Vestly (nr. tre f.v.) bistår Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe i Bevar Ålfjordens Perle juridisk i kampen mot Dommersnes-prosjektet. Dei bli ikkje høyrt av sivilombodet i spørsmålet om fase 1. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Advokat Sturla Vik-Vestly (nr. tre f.v.) bistår Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe i Bevar Ålfjordens Perle juridisk i kampen mot Dommersnes-prosjektet. Dei bli ikkje høyrt av sivilombodet i spørsmålet om fase 1.

Klare til å ta kommunen til retten

Den nystifta organisasjonen Bevar Ålfjordens perle har engasjert Sturla Vik-Vestly frå Advokatfirmaet Responsa AS. Dei er klare for å kjempe mot planane på Dommersnes industriområde i rettssystemet om det blir naudsynt.

Publisert Sist oppdatert

Etter ei lengre utgreiing på eit pressemøte torsdag slo advokat Sturla Vik-Vestly fast at byggeløyvet Vindafjord kommune gav Dommersnes AS/Windafjord Port i november må sjåast som ugyldig. Løyvet gjaldt den planlagte fase 1 som medfører at 54 dekar av det eksisterande industriområdet blir planert ned til kaien sitt høgdenivå. Fase 2 legg opp til å ta enda meir areal i bruk, mens fase 3 vil krevje alle dei over 500 måla som regulerte til industri og at Vikevegen blir lagt om. For fase 2 og 3 er det planlagt å lage ein ny reguleringsplan.

Sidan har Statsforvaltaren i Rogaland klaga på vedtaket. Det skal dermed opp i Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) i kommunen og eventuelt vidare til ein settestatsforvaltar om DUK opprettheld løyvet. Saksinnkallinga viser at saka ikkje skal opp i kommande DUK-møte og følgeleg først kan komme opp 4. mars.

— På nåverande tidspunkt kan det leggast til grunn at det er eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at løyvet sin gyldigheit kan prøvast rettsleg, sa Vik-Vestly.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS