Nyt godt av eit landbruk i særstilling

Velde Maskin AS i Øvre Vats vart skipa av Asbjørn Velde (46) for 20 år sidan. Nokre år seinare kom broren Harald Velde (48) inn på eigarsida. I helga kom mange til jubileumsdag.

Publisert Sist oppdatert

Velde Maskin AS forhandlar eit tredvetals ulike merker av landbruksutstyr som dei òg gjer service på.

Lokala der dei no held til i Saudavegen på Knapphus, mellom Knapphus Kjøkkensenter og Joker-butikken, overtok dei så og seia på dagen i 2020 då landet vart lukka ned i pandemi.

Fram til då hadde dei adresse på Eikeland langs E134 i Øvre Vats. Der har dei endå tilhald for ein del verkstadarbeid, og dessutan lager for produkt frå Conor Engineering kor dei er importør.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS