Velde Maskin AS 20 år
Brørne Harald (t.v.) og Asbjørn Velde eig firmaet med ein lik halvdel kvar.

Næringsliv

Auka omsetnaden med 24 millionar

Velde Maskin AS i Øvre Vats gjekk frå 49,7 millionar kroner i inntekter i 2022 til 83,4 millionar i 2023. Det førte til eit solid overskot.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg til ein stor inntekt vekst, var det også merkbart høgare varekostnadar i i fjor enn året før. Likevel nesten firedobla driftsresultatet seg frå 1,15 millionar i 2022 til 4,26 millionar i 2023.

Fjorårets resultat før skatt blei 3,16 millionar og årsresultatet var 2,43 millionar. Året før var tala 669.000 og 522.000.

Velde Maskin fyller 20 år i 2024. Verksemda blei skipa av Asbjørn Velde (46) for 20 år sidan. Nokre år seinare kom broren Harald Velde (48) inn på eigarsida. Selskapet forhandlar eit tredvetals ulike merker av landbruksutstyr som dei òg gjer service på. Dei held til mellom Knapphus Kjøkkensenter og Joker-butikken på Knapphus.

I januar arrangerte Velde Maskin ein jubileumsdag i Vats.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS