Tettare på
Eit godt hundeliv
Etter eit år som kennelhjelp valde Anna Rødne Gjerde (21) frå Etne å ta steget til å køyre løp sjølv. Ho nyt eit hunderikt liv i ei hytte på Dagali i Hol kommune.
Hytta Anne Rødne Gjerde bur i har ikkje innlagt vatn og straum, så ho må pumpe for å sikre seg nødvendig vatn. Ho lagar mat på ein gassomn. I tillegg har hytta ein gammal peisomn som ho fyrer i for å halde seg varm.
— Nå er me inni ein mildvêrsperiode, så temperaturen ligg på mellom minus 10 og 0 grader. På det kaldaste i vinter var det nede i 40 minusgrader, fortel Rødne Gjerde.
Toalettbesøk blir på ein utedo. Etnebuen synest det er veldig lærerikt og anbefaler alle å bu slik ein gong. Ho omtalar tilværet som ein veldig annleis livsstil og kvardag, og trivst veldig med det.