Vegard Winterthun (t.v.)er utrykningsleiar og Arve Ribesen er tidlegare tillitsvalt i EBR, og er to av dei tilsette i Skånevik. DSB peikar på at bemanninga i Skånevik er spesielt kritisk.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
— Ikkje nok pengar til forsvarleg drift
Det er situasjonen ved brannstasjonen i Skånevik Arve Ribesen og Vegard Winterthun kjenner best på kroppen sidan det er her dei er stasjonerte, men den økonomiske situasjonen i Etne brann og redning (EBR) er djupt bekymringsfull i heile kommunen, i følgje dei to. Dei trur heller ikkje politikarane i Etne kommune har fått nok informasjon til å ta dei rette avgjerdene.
I verste fall kan det stå om liv, fordi dei er så dårleg bemanna at dei ikkje får gjort jobben om alarmen skulle gå i arbeidstida.
— Me er frykteleg sårbare, seier Arve Ribesen som er tillitsvalt for brannmannskapet i heile kommunen.