Konsernsjef Anders Hundseid i Fatland Gruppen sluttar for bli banksjef i SR Bank.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Konsernsjefen sluttar i Fatland
Etnebuen Anders Hundseid, som er konsernsjef i Fatland, sluttar i jobben. Han går tilbake til SR Bank, kor han blir banksjef for små og mellomstore verksemder.
Hundseid har teke imot stillinga som BM-direktør med ansvar for SMB-kundar i Bergen, Sunnhordland og Haugalandet i SpareBank 1 SR-Bank.
– SR-Bank er nær, og har vist gjennom ei lang historie at dei gir kraft til vekst og utvikling. Dei har lenge bygt stein på stein, og gjennom samanslåinga med SpareBank 1 Sørøst-Norge viser dei at dei er ein utfordrar å rekne med, seier Hundseid om overgangen til SR-Bank i ei pressemelding.
– Eg ser verkeleg fram til å vende tilbake til SR-Bank. For meg er gode verdiar, kombinert med moderne drift, viktig for å sikre utvikling, innovasjon og ein bank for framtida, seier han.