Situasjonen slik Windafjord Port ser den for oss i dag, med 15 einheter lagra og under arbeid. Illustrasjon: Norconsult
Situasjonen slik Windafjord Port ser den for oss i dag, med 15 einheter lagra og under arbeid. Illustrasjon: Norconsult

Nye illustrasjonar av Dommersnes-prosjekt

Vindafjord kommune fekk krass kritikk for illustrasjonane som blei brukt då dei lanserte planane om serieproduksjon til havvindnæringa i 2022. Nå har Windafjord Port klare oppdaterte illustrasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Dommersnes AS/Windafjord Port er eit selskap med formål om å utvikle industriområdet på Dommersnes i Vikebygd med sikte på å legge til rette for serieproduksjon til havvinndnæringa. Vindafjord kommune og Westcon eig 50 prosent kvar av selskapet.

Etter at planane blei lanserte i eit kommunestyremøte 22. oktober kom det raskt spørsmål, blant anna i politiske møte frå Solveig Hortman (Sp), rundt illustrasjonane som blei vist fram. På folkemøtet i Vikebygd Grendahus 16. februar blei spørsmålet løfta igjen, og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fortalde at det ville komme nye illustrasjonar.

Ueinige

Debatten kring illustrasjonar blussa opp igjen då foreininga Bevar Ålfjordens Perle blei lansert. Foreininga har brukt sin eigen illustrasjon av korleis det kjem til å sjå ut på Dommersnes i framtida i forskjellege sosiale medium. Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port var tydeleg til Haugesunds Avis på at han ikkje kan stå inne for desse. Sidan har May Britt Vikingstad skrive eit lesarinnlegg der ho forsvarar foreininga sine illustrasjonar.

Onsdag morgon har Windafjord Port med hjelp av Norconsult klare sine to første eigne illustrasjonar. I ein e-post til naboar og innbyggjarar skriv Jorde at selskapet har jobba mykje med utarbeidinga av planprogrammet, inkludert svar på merknader som kom inn i høyringsrunden, og med illustrasjonar på korleis området kan sjå ut frå omgjevnadane.

Han opplyser at dei ønskjer å ta med nokre illustrasjonar av utviklinga i planprogrammet som skal behandlast i kommunen, men at det i hovudsak er gjennom dei ulike utgreiingane fram mot eit første planforslag til sommaren at dette må vere ferdige. Jorde viser til Bevar Ålfjordens Perle sin illustrasjon, og poengterer at selskapet ikkje kjenner dimensjonar eller føresetnader som ligg til grunn for den.

— Utstrekninga av området som dei har vist planert strekkjer seg inn i område som kan ha stor naturverdi (blant anna eit myrområde), og det er anbrakt mange ferdige havvindeiningar i sjøen utanfor Dommersnes, skriv den daglege leiaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS