Etne og Vindafjord legevakt.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Opnar tilsyn etter barnedødsfall
Fylkeslegen i Vestland avgjorde tysdag å opne tilsynssak etter at eit lite barn frå Grannar-distriktet døydde utan forvarsel. — Me kjem til å ha ei brei tilnærming til saka, seier fylkeslege Sjur Lehmann.
Eit lite barn frå Grannar-distriktet døydde nyleg og uventa under transport med ambulanse frå Etne og Vindafjord legevakt til Haugesund sjukehus.
Det er ikkje kjent kva som er årsaka til dødsfallet. Politiet har opna etterforsking av hendinga, slik straffeprosesslova seier dei skal når eit barn døyr plutseleg og uventa.
Det var NRK som melde om saka først.