Sport
Stor medaljefangst
Etne Kyokushin karateklubb deltok på det internasjonale stemnet Kyokushin Open i Bergen på laurdag. Dei kom heim med fire gull, eit sølv og ein bronsemedalje.
Deltakarar frå Danmark, Sverige, Polen, Litauen og Noreg var med på stemnet. Etne Kyokushin karateklubb stilte sju utøvarar. Shihan Geir Havreberg var med som coach.
På stemnet blei det gull til Hans Kristian Havreberg i klassen herrar fullkontakt lettvekt, Odd-Inge Berge i herrar fullkontakt tungvekt, Beathe Hegerland i damer fullkontakt mellomvekt og Annika Tökés Krokå i klassen jenter U14 semikontakt mellomvekt.
Kenneth Karlsen deltok i ein annan klasse enn under hans førre stemne, nemleg herrar rekrutt fullkontakt lettvekt. Beathe Hegerland fortel at Karlsen var uheldig og fekk eit hardt slag i ansiktet/munnen i første kamp og måtte sy tre sting på staden. Trass skaden fullførte han kampen og gjekk ein kamp til. Trass skaden kunne Karlsen ta med seg ein sølvplass heim til Skånevik.