Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kenneth Karlsen (Frp) i Etne formannskap, tysdag.Foto: Grethe Hopland Ravn
Kenneth Karlsen (Frp) i Etne formannskap, tysdag.

— Støttar med glede finansiering av bompengar

Publisert Sist oppdatert

Saka gjeld nemleg finansiering av bompengar opp Rusvegen, når Norske Redningshuder Hordaland Distrikt skal ha treningssamling i Etne første veka i mai. Bortsett frå pandemiåra har Norske Redningshunder, som er ein landsomfattande frivillig organisasjon, hatt treningssamling i Etne i over 20 år og i løpet av eitt år deltek dei på over 500 leiteaksjonar på landsbasis. Førarhundane treng mykje trening og det er svært verdifullt for både tobeinte- og firbeinte å delta på slike treningssamlingar, og Etne kommune har dei siste åra sponsa deltakarane med bompengeavgifta på 5.000 kroner som dei må betala for å køyra opp Rusvegen dei fem dagane samlinga varer. Det er rundt 50 personar som tar del i treningssamlinga, og på den måten legg

dei også igjen ein slant til næringslivet i Etne. Både ved å nytta seg av campingplassen, og handelsstanden.

— Etne Frp støttar med glede finansieringa til bompengane, sa Karlsen til formannskapet, som samrøysta bestemte at denne søknaden skulle dei støtta.

Powered by Labrador CMS