Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Laks som nettopp er kommen gjennom laksefella i Etne. Foto: Espen Bierud / Havforskingsinstituttet
Laks som nettopp er kommen gjennom laksefella i Etne.

Svakt år for laksen i Etneelva

Publisert Sist oppdatert
I Etneelva har forskarar registrert færre laks enn tidlegare år. Det blei registrert 1095 villaksar, og det er det lågaste talet på lenge.

– 2023 er eit av dei svakaste åra me har sett for villaksen sidan registreringane våre starta i 2013, fortel leiar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttets fjord- og elvelaboratorium i Etne i ei nyheitsmelding.

I fjor registrerte forskarane 1095 villaks. I tillegg kom 1543 sjøaure, 23 pukkellaks og 23 rømde oppdrettslaks. Totalt blei det registrert at 2684 fiskar sumde opp i elva.

Om villaks gyter saman med rømd oppdrettslaks, kan dette påverka det genetiske materialet til villaksen.

– I så måte er Etneelva heilt unik, sidan me her også fjernar rømlingane samtidig som me registrerer dei, seier Skaala.

Men i fjor var det berre villaks som gytte i Etneelva.

Powered by Labrador CMS