Etne skatepark.
Etne skatepark.

Vil bygge sykkelbane i Etne

Publisert Sist oppdatert

Stiftinga Etne BMX og skateklubb ønskjer å byggja pumptrack-bane (kupert sykkelbane) på kommunalt areal ved sida av eksisterande skatebane og lagerbygg i Engeleiren. For å kunna søkja spelemidlar til idrettsanlegg, må søkjar dokumentera at dei disponerer grunnen der anlegget skal byggast i minst 30 år.

Saka skal opp på neste formannskapsmøtet i Etne og i kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak går det fram at kommunedirektøren rår formannskapet til å godkjenne avtalen med Stiftelsen Etne BMX og skateklubb om vederlagsfri leige av grunn i 30 år.

Etne Cup og Etnemarknaden har hatt avtale om å disponera dette arealet til sine arrangement. Begge arrangørane uttalar seg positivt til bygginga av banen, sjølv om etableringa vil skapa utfordringar for avviklinga av arrangementa deira.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS