Kultur
Hengebjørk» frå trubaduren
Magne Skålnes (56) har i mange år reist rundt som trubadur, og har etterkvart også fått eit heilt repertoar av eigne songar. Sist veke kom siste låt ut på strøymetenestene, og låten har det originale namnet; Hengebjørk.
Fredag 22. mars kom siste singel frå Magne Skålnes ut på strøymetenestene og er eit produkt som delvis er spelt inn i Mjøndalen, og delvis i Etne.
— Det er Donkeyboy-gitarist og låtskrivar Peter Mivhelsen som har produsert songen i studioet sitt hos The Norwegian Sound i Mjøndalen, og eg sende ein demo dit for ei tid tilbake sidan, og fekk tilbake eit godt tilbod om innspeling, seier Skålnes.
Mens musikken er spelt inn i Mjøndalen har trubaduren Skålnes spelt inn vokal og munnspel i ABC-studio i Etne. Musikken på singelen er i regi av Oslo Brandlaug, og med på låten er lokale Mari Aalmo, som er ei dame Magne Skålnes jobbar med til dagleg i Ølensjøen barnehage.