Arne Gunnar Habbestad i Omega 365 Property ser fram til å få på plass det nye bygget. ARKIVFOTO
Turvegen Olalia-Rus
Idrettslaget snur – vil jobbe vidare med turvegen
Torsdag skreiv Grannar at Ølen IL gav opp turveg-prosjektet mellom Olalia i Vindafjord og Rus i Etne, etter ein klage frå Statsforvaltaren. Men etter å ha blitt nedringt av støttespelarar, har idrettslaget bestemt seg for å jobbe vidare med prosjektet likevel.
— Me gir oss ikkje likevel, seier Arne Gunnar Habbestad.
Grannar skreiv i nettutgåva torsdag at Ølen IL ville gi opp det omstridde turveg-prosjektet mellom Rus i Etne og Olalia i Vindafjord. Dette fordi Statsforvaltaren har klaga på vedtaket til Etne kommunestyre, der blei gitt dispensasjon frå gjeldande arealformål i det aktuelle området.
Artikkelen i Grannar har skapt glede blant motstandarane til prosjektet, men fekk ifølgje Habbestad også mange støttespelarar til å reagere.