Dei fire som stemte mot forslaget om tursti frå Rus til Olalia i februar, var Johan Strømsvold (V), Kurt Birger Hagen (INP) og Åge Madsgård og Trude Enge frå Frp.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Turvegen Olalia-Rus
Klagar på turveg-vedtak
Haugesund Turistforening meiner kommunstyret i Etne braut lova då dei gav dispensasjon til bygging av turveg mellom Olalia og Rus.
Haugesund Turistforening har framsatt ein klage mot Etne kommunes sitt vedtak om å gi dispensasjon for bygging av ein turveg/tursti frå Rus til kommunegrensa mot Olalia i Vindafjord.
Det går fram av eit brev Karl Andreas Knutsen har sendt på vegner av turistforeininga sin naturvernkomité til Etne kommunen.
Foreininga argumenterer med at vedtaket bryt med gjeldande lovgjeving og kan ha negative konsekvensar for naturmangfaldet og landskapet i området.