Edvin Lønning på jakt etter påskeegg i fjor. I år blir jakta tatt opp igjen og startar palmehelga. Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Svein-Erik Larsen
Klar – ferdig – påskeeggjakt
Palmehelga startar jakta på påskeegg i fleire av Grannar-bygdene, og mens jakta nokre stader berre varer gjennom helga, er jakta i gang gjennom heile påskehelga i andre bygder.
Først ute med påskerebus i år er Etne, Skånevik og Skjold som startar rebusen allereie i dag, palmelaurdag. I løpet av laurdag og søndag kan alle som vil gå ruta, som er i regi av Barnas turlag, og fristen for å levera inn svara er palmesøndag klokka 16.00 til telefonnummer 414 22 311.
I Etne er det på Olav Vik Stiftelsen på Osnes ein kan bryna seg på påskerebusen, mens rebusen i Skånevik er å finna på Kjærlighetstien. Arrangøren seier det blir trekt mange flotte premiar, og kven som vinn blir publisert på Barnas turlag si Facebook-side.
På Vannes NaturCamp blir det jakt på påskeharen både skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Då blir alle barn som kjem til Vannes inviterte til å finna påskeharen, og jakta føregår mellom klokka tolv og to desse dagane. Dei som finn påskeharen får sjølvsagt ei overrasking blir det opplyst.