Linn-Mari Johansen engasjerer seg for kvinnehelse.
Foto: Privat
Vil få opp forståinga av syklus – held føredrag på kvinnedagen
Under 8. mars-arrangementet Kvinner, ta plass» på Tysværtunet Kulturhus i Aksdal fredag skal Johansen halde eit innlegg om korleis kvinner kan ta plass på ein meir berekraftig måte, og håpar å vekke nysgjerrigheit til å bli ekspert på egen syklus.
— Me må ikkje gløyme at det er store biologiske forskjellar mellom kvinner og menn, seier Linn-Mari Johansen.
Etnebuen har erfaring frå HR i olje- og gassbransjen og er utdanna sosiolog. For tida utdannar ho seg vidare til sexolog.