Dagleg leiar Roar Knudsen fekk overrakt det synlege beviset på at Knudsen Dørfabrikk AS er blitt eit miljøfyrtårn av ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekhreim nyleg.
FOTO: PRIVAT
Fleire nye lokale miljøfyrtårn
27 verksemder i Vindafjord og 11 i Etne har fram til no gjort jobben som krevst for å bli sertifisert som Miljøfyrtårn. Knudsen Dørfabrikk i Skånevik fekk nyleg overrekt sitt diplom frå ordføraren.
Stadig fleire verksemder gjer jobben som krevjast for å bli sertifisert som Miljøfyrtårn, som er det mest brukte sertifikatet for dokumentasjon av ei verksemd sin miljøinnsats og evne til å ta samfunnsansvar.
Per 27. mars var 10.590 verksemder sertifiserte i Noreg. Mellom desse er 11 i Etne og 27 i Vindafjord. Nyleg fekk Knudsen Dørfabrikk AS i Skånevik overrekt sitt synlege bevis på at dei no er eit sertifisert Miljøfyrtårn, av Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).
— I praksis hadde vi mange av kriteria som krevjast for å oppnå sertifikatet. Med dette på plass tek vi det heile eit hakk vidare, seier dagleg leiar Roar Knudsen.