Hilde Bjelland Abelseth skal over i ny leiarjobb til hausten.
Foto: Privat
Blir leiar på ny skule og barnehage
Til hausten gir Anne Marte Waage Tveit (65) seg som leiar på Vik oppvekstsenter. Ho blir erstatta av Hilde Bjelland Abelseth (59), som kjem frå same jobb på oppvekstsenteret i Imsland.
— Det blir spesielt å forlate Imsland. Eg har vore der i over 20 år og kjenner folk og ungar i bygda godt. Det blir vemodig å slutte, men samtidig blir det kjekt med nye utfordringar, seier Hilde Bjelland Abelseth.
Omorganisering
Bjelland Abelseth er i ferd med å fullføre sitt andre år som einingsleiar ved oppvekstsenteret i Imsland. Før det var ho lærar. Bjelland Abelseth omtalar skulane i Vikebygd og Imsland som relativt like, men at barnehagen i Vikebygd er ein del større enn den i Imlsland. Ho synest det blir spennande å få ansvar for ein større barnehage og ser fram til å bli kjent med ei ny bygd og tilsette og barn på oppvekstsenteret.