Geir Arne Eikemo har budd på Eikemo heile livet, og no gler han seg over å ha fått mobildekning.ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Geir Arne Eikemo har budd på Eikemo heile livet, og no gler han seg over å ha fått mobildekning.
Mobilstasjonen blei flydd til Eikemo med helikopter.FOTO: KAMBO ENERGI
Mobilstasjonen blei flydd til Eikemo med helikopter.
Lekter med anleggsmaskin på veg til bygging av Eikemo kraftstasjon.FOTO: KAMBO ENERGI
Lekter med anleggsmaskin på veg til bygging av Eikemo kraftstasjon.
Her blir mobilstasjonen gjort klar.FOTO: KAMBO ENERGI
Her blir mobilstasjonen gjort klar.

— Ein merkedag for Eikemo

No har Eikemo fått full mobildekning for første gong. Det skjer i samband med ei etterlengta småkraft-utbygging som gir fleire vinstar for den veglause grenda.

Publisert Sist oppdatert

Å få kontakt med omverda etter at fasttelefonen forsvann frå Eikemo har ikkje vore lett for fastbuande og hyttefolk. Men måndag kunne Grannar slå på tråden til ein av dei fastbuande, Geir Arne Eikemo.

— Ein merkedag, seier han om måndagen då han kunne plukke opp mobilen og ha problemfri dekning. Tidlegare hadde han basert seg på ei provisorisk Reodor Felgen-løysing» for å få dekning heime i stova.

— Det var nokre jalla-greier som verka no og då, ler han. Når ikkje den heimesnikra løysinga verka, måtte han ta bilen ned til kaia på Tysse for å prate med folk, for der var det dekning.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS