Barneteateret er ein del av Sandeid ungdomslag som nå kjempar om tittelen årets lokallag.
Arkivfoto: NILS TOKHEIMFOTO: Nils Tokheim
Nominert til årets lokallag i Noreg
For andre gong skal prisen for årets lokal i Noregs Ungdomslag delast ut. I 2023 var det det Kløvheim Ungdomslag som blei kåra til årets lokallag og i år er fem lag plukka ut etter ein nominasjonsrunde. Blant desse er Sandeid Ungdomslag.
— Ein kan melda inn eit lag til Noregs Ungdomslag som ein vil nominera. Det er blitt gjort i Sandeid, seier Jane Elin Owe og er glad for at laget er blitt nominert.
Dei fem nominerte lokallaga har fått i oppgåve å laga ein liten presentasjonsfilm som fortel kva laget jobbar med. Filmen blir presentert for ein jury, og så vil beste lag vinna. Filmen frå Sandeid Ungdomslag blei laga i påskehelga og nå ventar dei spent på resultatet.