Donmersnes industriområde.
Arkivfoto: Økland Foto
Kommentar
Openheit i vinden
KOMMENTAR: Vindafjord kommune får mykje kritikk om dagen, både frå uroa fastbuande og hyttefolk i Vikebygd. Det handlar om planane for utviding av industriområdet på Dommersnes, som selskapet Windafjord Port (Dommersnes AS) vil bruke til å få sin del av kaka i den ekspanderande havvind-industrien.
Det er bra at aktørar som Westcon og AF Gruppen, som har tilsvarande planar i Vats, vil vidareutvikle seg. Olja kjem ikkje til å vare evig, og utan omstilling vil desse aktørane kunne forsvinne. I høve til aktiviteten dei elles generer i lokalsamfunnet i regionen vil det gi konsekvensar i arbeidsmarknaden og tenestetilbod dei færraste tør tenke på.
Men industriaktørar skal ikkje ha fritt spelerom i høve til å forsyne seg av areal, og konsekvensane aktiviteten får for både miljø og naboar er avgjerande å få vurdert nøye. Difor er det også viktig med ein så opplyst offentleg debatt som mogeleg før viktige val skal takast. Og her har kommunestyret i Vindafjord gjort det krevjande for seg sjølv, og har sett tilliten dei må ha frå innbyggarane på ein større prøve enn dei kanskje tenkte på.