Illustrasjonsfoto.
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Politiet: Margit (69) døydde i ulykke på Jelsa
Det var Margit Galta Berekvam (69) frå Jelsa som vart funnen død etter ein leiteaksjon på Jelsa i Suldal kommune 24. mars. Det skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag.
Var på spasertur
Klokka 18.40 den 24. mars tok politiet imot ei urosmelding då kvinna ikkje hadde kome heim frå ein spasertur til Junkervarden tidlegare same dag. Politiet rykte ut med fleire ressursar, og det vart straks sett i gang søk etter den sakna kvinna.