Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) i Stortingssalen under debatten om inntektsberekninga for landbruket torsdag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) i Stortingssalen under debatten om inntektsberekninga for landbruket torsdag.

NPK/NTB

Regjeringa får ikkje med seg Stortinget på nytt inntektsmål for bøndeneI

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) håpte å få fleirtal for eit mål om å tette inntektsgapet for bøndene innan 2027, men fleirtalet stemde mot.

Publisert Sist oppdatert
– Eg registrerer med ei viss overrasking at eit fleirtal på Stortinget, sjølv om dei har uttrykt stor støtte for det i debatten, stemmer mot eit nytt inntektsmål, seier Pollestad til NTB.

Han understrekar at regjeringa likevel vil jobbe for dette målet.

– Vi oppfattar at det er eit reelt fleirtal på Stortinget som ønskjer det, seier han.

Regjeringa fekk som venta berre støtte kompromissforslaget sitt om å redusere timetalet for årsverket til bøndene til 1750 timar. Dette hadde støtte frå SV, MDG, KrF og Raudt.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes seier dei ikkje ville stemme for eit mål utan det dei kallar truverdige tal.

– Det er berre tull å lage utjamningsplan med tal som ingen i jordbruket trur på. No fekk dei ikkje dei gjennom, så no blir det ein ny runde der dei får høve til å setje ein opptrappingsplan med utgangspunkt i skikkelege tal som jordbruket trur på, seier Fylkesnes til NTB.

Han meiner heile spørsmålet om inntektsgrunnlaget til bøndene no blir eit tema i jordbruksoppgjeret.

Pollestad hadde før voteringa gjort eit nummer av at han oppfatta stortingsfleirtalet står bak målet om å jamne ut forskjellane mellom bøndene og andre inntektsgrupper innan 2027.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS