Knut Geir Prestegård (f.v.), Øyvind Hansen Kvarnstrøm og Jon Magne Svendsbøe held banneret framfor bussen som var på veg til Dommersnes Industriområde.
FOTO: PRIVAT
Havvind
Demonstrerte mot havvindplanar
I samband med den internasjonale Floating Wind Days konferansen i Haugesund gjennomførte arrangøren Norwegian Offshore Wind ein guida busstur til Dommersnes i Vikebygd tysdag morgon. Der blei dei møtt av ei motmarkering frå Motvind Tysvær og Bevar Ålfjordens Perle.
— Eg har ikkje demonstrert før, så det var litt spesielt, men det var eit godt høve til å vise at dette ikkje er noko me vil ha i bygda, seier styreleiar Jon Magne Svendsbøe i Bevar Ålfjordens Perle.
Han siktar til Vindafjord kommune og Westcon sine planar om å utvikle Dommersnes Industriområde i Vikebygd til serieproduksjon for havvindnæringa gjennom selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port. Bevar Ålfjordens Perle er ein organisasjon som vaks ut av ein underskriftskampanje mot desse planane.
— Ikkje berre fryd og gammen