Det var tydeleg at kongen likte historia om då Erik Hjelm Fjeldheim helste på kongen då han var i Forsvaret.SKJERMDUMP: GREX/VINDAFJORD KOMMUNE
Kongebesøket
Erik (21) frå Skjold fekk kongen til å le
Erik Hjelm Fjeldheim (21) fekk kongen til å dra godt på smilebåndet då han i sin tale frå ungdommen fortalde om kor mange gong han hadde helst på kongen.
21-åringen frå Skjold heldt ungdommens tale til kongeparet saman med Eva Vatnedal Nordtveit frå Vats. Han innleidde med å fortelje om alle gongene han har helst på kongen. For det var minst ti gonger, då han var inne til førstegongsteneste i Forsvaret.
— Kvar gong eg gjekk inn i messa, helste eg på han, fortalde skjoldabuen og viste på kva måte han helste på – ved å gå opp i rett og helse slik ein skal på sitt øvste befal.
Alt om kongbesøket: Kongebesøket