Sigrun Thormodsæter (76), Ivar Leonard Krakk (77), Tomas Finnvik (86), Harald Magne Hustoft (86) og Sverre Georg Vågen (87) har alle Kongens Fortenestemedalje på brystet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kongebesøket
Fekk eit hjarteleg gjensyn med kongen
Blant æresgjestene under kongebesøket i Vindafjord var fem personar som tidlegare har motteke kongeleg påskjønning. I dag fekk dei igjen helsa på kongen.
På fremste rekkje like ved kongetribunen har Ivar Leonard Krakk (77) , Sigrun Thormodsæter (76), Thomas Finnvik (86), Sverre Georg Vågen (87) og Harald Magne Hustoft (86) fått plass. Alle har dei tidlegare mottatt Kongens Fortenestemedalje og i dag får dei igjen møta kongen. Ein etter handhelsar dei på kongen og dronninga før det kongelege følgjet avsluttar besøket i Ølen. Men noko lang samtale blei det ikkje tid til.
— Me hadde betre tid sist me helsa på kongen, seier dei og smiler.
— Alltid stas