Fredag ettermiddag er mange utan vatn i Etne.
ILLUSTRASJONSFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kan bli aktuelt med vassrestriksjonar
Tysdag blei det innført vatningsforbod i Tysvær kommune. I Vindafjord har det så langt blitt til å ikkje vere nødvendig å innføre restriksjonar, men fungerande einingsleiar Hildbjørg Fludal for kommunaltekniske tenester opnar for at dette kan endre seg.
— Dersom det varme og fine vêret held fram og regnet lar vente på seg, er restriksjonar i bruk av vatn aktuelt også for dei kommunale vassverka i Vindafjord, fortel fungerande einingsleiar Hildbjørg Fludal for kommunaltekniske tenester tysdag kveld.
Vurderer frå dag til dag
I Vindafjord er det kommunale vassverk i Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd. Varmen har prega heile Haugalandet i det siste, og har ført til varsel om både skogbrannfare og potensiell vassmangel.