Torstein Tysvær Nymoen
FOTO: RINA ASPMO
Kommentar
Folkekongen
Dagen i dag, torsdag 30. mai 2024, er ein merkedag for innbyggjarane i Vindafjord kommune, når Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga kjem på offisielt besøk til kommunen for første gong. Nøyaktig klokka 11 skal dei stige ut av sjaluppen og gå i land i Ølen.
Kong Harald (87) har vore ein sentral skikkelse i norsk historie sidan han vart kronprins i 1957 og seinare konge i 1991, etter at faren, kong Olav V, døydde. Kongen sin popularitet har auka gjennom tiåra, mykje takka vere hans opne og folkelege tilnærming til kongegjerninga. Han har fleire gonger delt både gleder og sorger med folket. Nokre hendingar blir hugsa ekstra godt, som den kjensleladde talen hans etter terroren på Utøya 22. juli 2011. I minnemarkeringa i august same år sa kongen, sitat: Tragedien har mint oss om det grunnleggjande som bind oss alle saman i vårt fleirkulturelle og mangfaldige samfunn. La oss ta vare på denne erkjenninga – og la oss ta vare på kvarandre. La oss som enkeltmenneske vere tydelege på kva vi står for, og bruke våre moglegheiter til å påverke samfunnet vi lever i på ein positiv måte.» Sitat slutt. Orda er gyldige i all overskodeleg framtid.
Engasjementet for idretten har også vore med på å folkeleggjere kong Harald. Kven hugsar vel ikkje bamseklemmen som den jublande langrennstjerna Therese Johaug, kledd i gulljakka si, fekk frå ein smørblid konge etter VM-gullet på tremila under VM i Oslo 2011? Sjølv har Kong Harald bidratt til norsk idrettsjubel med sine internasjonale medaljar i segling, kor VM-gullet med Fram X» i 1987 er den største prestasjonen.