Kongebesøket
Tre gutar hamna i sjøen under kongebesøket
Tre gutar frå Lundeneset vidaregåande skule hamna i sjøen då dei skulle vinke til kongen frå kanoen.
Joachim Sund, Josef Bø og Samuel Joakimsen padla i kano frå Ølensvåg til Ølen for å sjå på kongen under kongebesøket. Etter å ha fått med seg heile arrangementet, gjekk dei tilbake i kanoen då kongen la frå kai og padla utover Ølensjøen. Men det gjekk ikkje som planlagt.
Vinka samtidig
Då alle tre skulle vinka til kongen samtidig, vart det for mykje vekt på eine sida av kanoen.