Sveinung Bjelland.
Foto: Kristian Risanger
10 Kjappe
— Det gler meg aller mest når ungane mine og dei nærmaste har det godt
— Kva er din favoritthobby?
— Sage stokkar og putle på med grindverk. Når eg treng fisk set eg garn.
— Kor reiser du helst på ferie?
— Eg likar meg best heime. Eg har ikkje utferdstrong. Eg nyttar ledige stunder til å sjå om sauene i Bjellandsfjellet i Åkrafjorden. Men skulle det vera noko så tar eg gjerne ein tur til København med kameraten min Ole Magnus.
— Kva er det beste med bygda du bur i?
— Eg har det meste av livet budd i Sandeid, som er heimstaden min. Nå bur eg på Sørstranda. Eg set pris på ete middag på Fønix eller på campinga. Etne har det aller meste.
— Kva saknar du i bygda di?
— Kva er ditt favorittmåltid?
— Sos og poteter må ein ha. Sosakjøt med ein halv boks sæterømme og poteter frå Mo.
— Kva gler og kva irriterer deg mest?
— Det gler meg aller mest når ungane mine og dei nærmaste har det godt.
Det plagar meg å sjå utviklinga i Europa. Uroa og polariseringa i den politiske dagsorden. Eg tenker ofte på utsegnet: Om 100 år er allting gløymt». Det forundrar meg at verdiane generasjonane før oss kjempa hardt for – nå er sett i spel.
— Dersom du hadde politisk makt, kva ville du ha kjempa for?
— Eg ville laga autotrekk eller Vipps-ordning til dei fattige i dette landet. Dei får merksemd kvar julehelg. Etterpå blir dei meir eller mindre gløymde.
— Kva gjer du når du skal unna deg noko ekstra?
— Litt aquavit i eit eggeglas på naustet.
— Kva er ditt beste barndomsminne?
— Det er så mangt. Eg hugsa godt eg la hovudet i den store arbeidshanda til far min, då me kvilte middag. Den lukta ei blanding av spillolje og silo. Det var trygt og godt for ein gutunge.
— Kven ser du mest opp til?
— Heilt alminnelege arbeidsfolk og folk som gjer så godt dei kan ut frå sine forutsetningar.