Etne Cup
Idretts-eldsjel fekk heiderspris
Det var ikkje berre fotballen som stod i fokus på den siste dagen under årets Etne Cup. Tradisjonen tru skulle også Sigbjørn Rafdals minnepris delast ut.
I år var det Willy Asbjørn Lunde som fekk utdelt prisen, etter hans store innsats over fleire tiår som både trenar og i styreverv i Etne Idrettslag.
Fekk applaus
Lunde har også hatt ei sentral rolle i fleire arrangement som Postvegmarsjen, Osnes Rundt og Etne Duatlon.
— Tusen, tusen takk, sa Lunde like etter han fekk utdelt prisen.
Lunde fekk stor applaus frå alle dei fleire hundre frammøtte, som også var der for å få med seg J13- og G13-finalane i årets Etne Cup.
— Eg set veldig stor pris på det. Det er også mange andre som hadde fortent denne prisen, sa Lunde.
— Eit ja-menneske
Mette Bergsvåg Ekrheim og representantar frå Etne IL som delte ut prisen, hadde fine ord å seie om Lunde.
— Eit ja-menneske, han tryggjer dei han arbeider ilag med. Det er vel fortent.