Regnet stoppa ikkje folk frå å ta turen til Skånevik.
FOTO: PRIVAT
Stor entusiasme for basseng
— Folkemøtet var kjempekjekt. Det var fantastisk å få vise fram anlegget, seier styreleiar Heidi Wannberg i Stiftelsen Sjøkanten Trivsel.
God stemning
Etter mykje dugnadsarbeid nærmar anlegget seg ferdig. 2. mai rann det for første gong vatn i bassenget. Vêret spelte ikkje på lag, men trass regnet blei det svært folksamt då Sjøkanten Trivsel inviterte bygda på besøk.