Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

AF Decom legg planar for bygging og monterinvg av vindturibinar på anlegget i Vats.FOTO: AF DECOM
AF Decom legg planar for bygging og monterinvg av vindturibinar på anlegget i Vats.

Tysvær: Soleklart nei til havvindplanar i Vats- og Yrkefjorden

Publisert Sist oppdatert

Torsdag hadde Teknisk utval i Tysvær kommune sitt siste møte før ferien. Spesielt ei sak hadde fått god plass og det var ei svært så samstemt forsamling.

— Vi i utvalet kom til følgande fellesforslag. Trur det må vere veldig lenge sidan at det er fremja eit felles forslag som alle parti som er representert i utvalet står bak.

Alle partia har behandla saka kvar for seg i gruppemøte og kom fram til same konklusjon, nemleg som vedtaket seier:

— Teknisk utval fastsett ikkje planprogram for AF Miljøbase med sjøområde i Vats- og Yrkjefjorden med plan ID 202307 jf. plan og bygningslova &4-1 og 12-9.
Tiltaket blir etter ei samla vurdering sett å ha store konsekvensar for natur, miljø og fiskeri. Den totale belastninga blir derfor så stor at Teknisk utval ikkje vil godkjenne vedlagt planprogram for den delen som omfattar areal i Tysvær kommune, seier leiar Herman Berg (Frp).

Og held fram: – Teknisk utval ber om at det blir tatt eit initiativ til ei regional sak, eventuelt ein fylkesdelplan for produksjon av havvind, som involverer Statsforvaltar, regionale myndigheiter og kommunane i regionen, der formålet er å avklare aktuelle lokasjonar for denne type industrielle og arealkrevjande tiltak.

Berg påpeikar at i denne saka har det vore ekstra viktig å lytte til engasjerte innbyggjarar og gode innspel frå alle politiske parti i Tysvær.

– Vi som valte representantar i utvalet er ombodspersonar for innbyggarane i Tysvær, og vi kan ikkje som ein representant ordla seg, godkjenne ei ny næring som går ut over eksisterande næring. Vi i utvalet seier derfor ja til eksisterande næring, seier Berg.

Frå behandlinga i Vindafjord formannskap:

Powered by Labrador CMS