Intime konsertar med store artistar
Dei trur det heila starta då Hilde Selvikvåg hadde konsert på Nesheimstunet. Selvikvåg tok sjølv kontakt med Elisabeth, og ville ha førjulskonsert der. Elisabeth trudde dei var ein del av ein lengre turne, men det viste seg at dei berre var ein av tre konsertar. Nesheim-ekteparet spekulerte i om Selvikvåg kan ha spreidd nokon ord om dei, for etter konserten hennar har mange store artistar teke kontakt.
— Me kallar det for Hilde Selvikvåg-effekten, seier Elisabeth.
Populær stad