Astrid Fagerjord Harboe kan sitja slik å nålefilta i timevis og trylla fram flotte figurar av ull.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Lagar detaljerte figurar med unike utrykk
Astrid Fagerjord Harboe frå Etne skapar unike figurar berre ved hjelp av nål og ull, metoden heilter nålefilting. Til å begynna med heldt ho på meg våtfilting. Då jobba ho med ull i varmt vatn og med grønsåpa. Då stod ho anten på kjøkkenet eller på badet med vasken og jobba. Men då ho oppdaga at det gjekk an å berre bruka nål, gjekk ho heilt over til det. Det einaste ho treng for å laga dei flotte figurane er ull og ei nål. Ho begynte først med å laga figurar av mellom anna frukt.
— Det blei berre kjekkare og kjekkare og forma ting, seier ho.
Fleire bestillingar