Etnemarknaden
Lover breitt program: – Me har noko for alle
Marknadssjef Vidar Lund lovar eit breitt program, med mykje spennande opplegg for dei besøkande.
– Det vil bli eit stort utval av aktivitetar og andre opplevingar på marknaden, og eg trur me har noko for alle og ein kvar, seier han.
I dei litt over 130 bodene på plassen kan ein sjå eit vidt spekter av handlaga gjenstandar, i tillegg til veteranbilar, landbruksmaskinar og mykje meir.