Kitti Soltvedt (t.v.), Nina Alvseike, Hanne Gravelsæter Øvernes, Solveig Kvamme og Eline Mæland står bak pårørandeskulen som starta i oktober i fjor.
FOTO: Grethe Hopland Ravn
Ny pårørandeskule til hausten
Pårørandeskulen er eit kurstilbod for dei som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får deltakarane kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, og for dei som pårørande og familie. Deltakarane treffer andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. No blir det nye rundar med pårørandeskule. Det opplyser Vindafjord kommune på sine heimesider
Fire samlingar
Kurset er lagt opp over fire samlingar som omhandlar ulike tema. Den første samlinga fokuserer på demens og utredning, mens den andre handlar om kommunikasjon med personar som har demens. Den tredje samlinga tar for seg pårørande sine opplevingar, eigenomsorg og ventesorg. Til slutt blir det informert om tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi, samt ei enkel innføring i framtidsfullmakt.