Rune Johansson fekk grannarblomen denne veka. Han har vore ei viktig dugnadssjel for Skånevik-bygda i alle år.
Foto: Ragnhild Kristine Løkken
Grannarblomen
Rune (55) har hjelpt til med bluesfestivalen sidan starten: — Eg er ein skikkeleg Skånevik-patriot
Rune er fødd og oppvaksen i Skånevik, og har vore aktiv i idrettslaget sidan tidleg alder. Han spelte fotball i godt over 30 år, og fekk på den tida spelt meir enn 500 A-lagskampar.
Det er ingen tvil om kva det beste med fotballen var:
— Å slå Etne var alltid stas, og det gjorde me stort sett, seier han med eit smil om munnen.