Samla folk til fest
Sommarfestivalen i Vikedal gjekk av med stor suksess etter fem års pause.
Det myldra av både små og store i Vikedal båthamn laurdag formiddag under festivalen. Vêrmeldingane i forkant hadde ikkje vore så gode, men då dagen var der fekk dei grei temperatur, opplett og det var vindstille. Det var underhaldning med forskjellige innslag. Etne kulturskule hadde innslag med både song og ein som spelte piano og DUOeg» med Beate Tandrevold og Nils Erik Eide hadde ein liten konsert.
— Nå er sommarfestivalen tilbake til der den var før, seier Nils Erik Eide som sit i styret i Vikedal Bygdahus.
Sommarfestivalen er eit samarbeid mellom Vikedal Båtforeining og Vikedal Bygdahus, og er eit tiltak for å få inn midlar til å gi bygdahuset eit løft, og utbetra fasaden på idrettshallen. Første delen av dagen var i båthamna, der det blei arrangert fiskekonkurranse, underhaldning for barn og sal av ulike varer. Andre delen av dagen var ved Vikedal Bygdahus, der det blei spelt live musikk. Henning Aarekol var programleiar gjennom dagen.