Sindre Tjelmeland signerte ein to-års kontrakt som assistentrenar med Lech Poznań før sesongen. Det første året enda med ligameisterskap. Her saman med sportsdirektør Tomasz Rząsa.
FOTO: PRIVAT
Sport
Sindre Tjelmeland om Lech Poznan: — Ein godt drifta klubb
Det blei nyleg klart at utflytta etnebu Sindre Tjelmeland er klar som ny assistenttrenar for Lech Poznan under danske Niels Frederiksen. No kan Tjelmeland fortelje til Grannar at overgangen kom uventa, også på han.
Sindre Tjelmeland går til Lech Poznan – ein polsk storklubb som dei siste ti åra har vore med i europaspel jamt og trutt. Sist gong i fjor, då dei kom til kvartfinalen i Europa Conference League. Her tapte dei mot Fiorentina, som tok seg heilt til finalen mot West Ham. Poznan slo blant andre toppklubben Bodø Glimt ut av Conference League same sesong.
Poznan har vunne den polske toppligaen Ekstraklassen åtte gonger, sist tilbake i 2022. Anlegget som Poznan spelar heimekampane sine på, Stadion Miejski, har ein kapasitet på 42.000. Til samanlikning rommar Ullevaal Stadion berre» 28.000.
— Ikkje tenkt tanken