Ingeborg Berge, Veslemøy Mortensen, Matilde Berge og Sindre Berge, gler seg til ei veke med speidarleir i Vats i slutten av juli.
FOTO: Siri Stiresund Hansson
Speidartreff i Vats – frå heile Europa
Hedda Amilde Danielsen er rover. Dei er dei eldste i ei speidargruppe under leiaren og over patruljeføraren. Ein rover er mellom alderen 16-25 år. Saman med ein annan speidar har dei dette halvåret arbeidd med å gjera klart for dei europeiske speidarane som kjem på besøk.
— Det kjem speidarar frå Italia, Spania, Portugal, ja heile Europa, fortel ho. Danielsen er med i Path, som høyrer til første del av Roverway, ein europeisk roverleir som skal haldast i Stavanger veka etter kretsleiren. Det blir halde Paths gjennom heile Europa, og det inkluderer Noreg. Kretsleiren i Vats blir ein Path som skal vera i Noreg. Ein Path er ein del av Roverway der speidaren skal bli kjent med naturen og kulturen til andre land som er med på roverleiren.
Møte med norsk kultur