Over 40 bilar deltok på biltreffet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fekk lufta stasbilane
I helga var det duka for stort biltreff i Skånevik. Her møttest bilentusiastar i alle aldrar for å prata bil, kikka på bil og ikkje minst lufta sine kjære køyredoningar.
Amcar Karmsund stod som arrangør for West Coast Nationals-treffet som samla rundt 43 veteranar og nyare modellar frå heile Rogaland. Laurdagen var sett av til utstilling, bedømming, sosialt samvær i Skånevik, i tillegg ein biltur langs Strondavegen til Etne. Målet for laurdagens utflukt var eit besøk hos motorentusiast Gert Eilerås og eit stopp ved Saloonen. Bilane køyrde i kortesje heile vegen frå Skånevik til Etne, med den staselege trekkvogna til Rolf Bratthammar i spissen. Vel framme ved Saloonen blei det tid til både ein matbit og litt bilprat.
— Denne har eg hatt i 10 år. Den er importert frå Pennsylvania. Eg kjøpte den brukt på e-bay og fekk ein som var i statane til å sjekka at alt var i orden. Den var akkurat slik eg hadde tenkt, fortel Rolf Bratthammar og viser fram sin svarte Peterbilt 1990 modell.
Peterbilt Motors Company er ein amerikansk lastebilprodusent som blei grunnlagt i 1939. Den klassiske modellen med lang snute , blankpolert grill og to kraftige skorsteinar for eksos er like aktuell i dag som den var for fleire ti-år sidan, og framleis er det mogleg å bestilla nye modellar i klassisk stil.