Heimelaga etasjefat til kvardag og fest
Utstyrt med ein liten drill og ein god porsjon tolmod forvandlar Egle Emmerhoff Nilsen (44) både nye og velbrukte fat og skåler til elegante etasjefat i ulike stilartar.
I kjellaren heime i huset sitt midt i Skånevik sentrum har Egle Emmerhoff Nilsen sitt eige hobbyrom. Her kan ho trekkja seg tilbake når skapartrongen pressar på, og her kan ho jobba i fred og ro utan å forstyrra resten av familien. For når den kreative læraren frå Skånevik, som opphavleg kjem frå Estland, finn fram drillen og diamantboret ho brukar for å bora små hol i botnen av knallharde porselensfat og tjukke glasskåler, går det verken stillferdig eller støvfritt føre seg.
— Det bråkar og støvar. Når det er fint vêr om sommaren held eg til ute, men elles brukar eg hobbyrommet i kjellaren. Det er ein kjekk hobby, men det er litt einsamt, seier Egle Emmerhoff Nilsen og demonstrerer korleis dei elegante etasjefata blir til.
Første steg er å velja ut fat, skåler og koppar i ulik storleik. Farge, mønster og stilart spelar ei viktig rolle for korleis resultatet vil bli, og når valet er tatt startar arbeidet med å bora eit lite hol i botnen som passar til byggesettet som bind fata saman. Teknikken har ho lært seg sjølv gjennom prøving og feiling, og det skal ei stødig hand til for å unngå sprekker.