Her har styret v/ Ragnvald Martin Larsen gitt kassebehaldninga til Skånevik Lions Club fordelt som gåvesjekkar til utvalde lag og organisasjonar i bygda. Dei takksame mottakarane er frå venstre; Leif Ole Molnes i motormuseet, Judith Tungesvik i helselaget, Marta Sveen i Pensjonistforbundet, Arvid Svendsen i Sjøkanten Trivsel, Ragnvald Martin Larsen, Georg Johan Åsheim i idrettslaget, Solveig Kvamme i Frivillighetssentralen og Kristoffer Tungesvik frå ungdomsklubben FOTO: PRIVAT
Her har styret v/ Ragnvald Martin Larsen gitt kassebehaldninga til Skånevik Lions Club fordelt som gåvesjekkar til utvalde lag og organisasjonar i bygda. Dei takksame mottakarane er frå venstre; Leif Ole Molnes i motormuseet, Judith Tungesvik i helselaget, Marta Sveen i Pensjonistforbundet, Arvid Svendsen i Sjøkanten Trivsel, Ragnvald Martin Larsen, Georg Johan Åsheim i idrettslaget, Solveig Kvamme i Frivillighetssentralen og Kristoffer Tungesvik frå ungdomsklubben

Lions i Skånevik legg inn årane

Lions Club Skånevik har vore ein synleg velgjerar i bygda sidan 1975. No året før ein kunne markert 50 år, blir verksemda lagt ned.

Publisert Sist oppdatert

Ragnvald Martin Larsen har vore engasjert i leiinga av klubben i fleire år.

— Det er med vemod, men òg takksemd, at me sluttar av. Engasjementet har vore stort gjennom åra, men me ser det same som mange andre organisasjonar innan frivilleg arbeid ser. Mykje av dugnadsinnsatsen frå den yngre garden er kanalisert inn i andre organisasjonar og undergrupper, seier han.

Laget har vore drive med stort engasjement, og har vore igangsetjar av fleire både store og små satsingar i bygda.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS