Magne Christiansen vaks opp på bakeriet, men blei heller banksjef enn bakar.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
41 lokale svindeloffer
I samband med at SpareBank 1 SR-Bank slår seg saman med SpareBank 1 Sørøst-Norge og blir til SpareBank 1 Sør-Norge, ber banken folk vere på vakt mot svindel. Lokale kundar har allereie vore hardt råka av svindlarar i 2025.
— Her på kontoret i Ølen var det 4 personar som blei svindla i august, og hittil i år er det 41 personar som har fått denne ubehagelege opplevinga, seier banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 SR-Bank sitt kontor i Ølen i ei pressemelding.
— Pass på
Christiansen opplyser at det blir sett svindelrekord månad for månad, sjølv om folk blir flinkare og flinkare. Dette betyr at svindlarane og metodane deira blir stadig meir avanserte og profesjonelle.