Det har vore påvist fleire blåtungeutbrot i fleire europeiske land den siste tida.
Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Blåtungevirus hos sau i Sør-Noreg
6. september blei det påvist blåtungevirus på sau i Kristiansand kommune. Det er første gong sidan 2009 at viruset er påvist i Noreg.
Så langt er blåtungeviruset berre påvist hos to dyr frå same sauebuskap, skriv Veterinærinstituttet.
Det har vore påvist fleire blåtungeutbrot i fleire europeiske land den siste tida, mellom anna i Danmark. Veterinærinstituttet skriv difor at utbrotet i Noreg ikkje er uventa.
I motsetning til i Danmark, er sjukdommen blåtunge I Noreg ein liste 1-sjukdom. Mistanke om utbrot skal difor bli meldt til Mattilsynet.
Sjukdommen smittar ikkje direkte mellom dyr, men viruset blir overført frå dyr til dyr med blodsugande sviknott. Sjukdommen oppstår i flest tilfelle om hausten.
(NPK)