Bok med lang levetid
Guri Ravatn presenterer for tida boka Nu solen går ned» med rundt femti kveldsongar og kveldsbøner. Boka er vakkert illustrert av Dorota Cieslar. Eit funn Ravatn har gjort er at songane brukt her i regionen er songar brukt over heile landet.
Boka med innsamla materiale frå Haugalandet, Sunnhordland og Ryfylke er produsert i eit opplag på 300 eksemplarar. Det er ei lesarvenleg bok over 80 sider tilpassa både barn og eldre med mykje luft på sidene, stor skrift og ei grafisk framstilling av Dorota Cieslar som gir boka eit stemningsfullt og mjukt preg.
Boka bør ha i seg å nå ein marknad utover målgruppa her i regionen. Guri Ravatn skriv i etterordet til boka at det ser ut til at det i bokform ikkje er gitt ut liknande, men at Norsk etnografisk gransking, som er eit underbruk av Norsk Folkemuseum, i 1993 samla inn materiale som presenterte rundt 100 tekstar frå heile landet. Av desse tekstane er det kun èin som ikkje er i materialet som ho har samla inn. Ho konkluderer derfor med at songane og bønene som er blitt brukt i generasjonar her, er dei same som blir brukt elles i landet.
— Det er eldre folk som nok vil kjenna seg mest att i tekstane som alle er meir enn 50 år gamle, men det vil gleda meg om boka òg kan bli brukt til høgtlesing og diskusjon for barn og unge, seier Guri Ravatn.