Havvind
— Dommersnes leiar kappløpet
Styreleiar Per Bjørn Habbestad og dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port/Dommersnes AS meiner at deira satsing på havvind er det som ligg lengst framme i løypa av alle prosjekt av sitt slag.
— Eg vil hevda at vårt prosjekt er det beste og ligg fremst i løypa på alle vis, sa styreleiar Per Bjørn Habbestad i Windafjord Port i kommunestyremøtet i Vindafjord tysdag.
Habbestad svara på eit spørsmål frå Ivar Ødegård (Vindafjordlista) om han hadde tankar om store tilsvarande prosjekt, til dømes på Jelsa, Gulen og Karmsund Havn. Dagleg leiar Jørgen Jorde sa at ingen har kome så langt i arbeidet med reguleringsplan som Windafjord Port, og at dei i tillegg har fått løyve for fase 1.
Oppstart før nyttår
Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon for havvindnæringa, og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatte alle dei over 500 måla som er regulerte til industri, og vil krevje at Vikevegen blir lagt om.
I kommunestyremøtet informerte Jorde om at selskapet satsar på oppstart med arbeidet i fase 1 før nyttår, og ikkje i oktober slik planen var tidlegare. No jobbar dei med investeringsunderlaget for fasen.
— Det er ein utfordrande case med betydelege utgifter tidleg, og håp om gode prosjekt om rundt fem år, sa han.
Samtidig går arbeidet med reguleringsplan for fase 2 og 3 føre seg. Omlegging av Vikevegen har blitt inkludert i planen. Dette gir meirarbeid på konsekvensutgreiingar og analysar. Tidlegare håpa selskapet å ha dette ferdig i løpet av juni, men no satsar dei på at det skal bli klart i oktober. Dei siktar på førstegongsbehandling tidleg i 2025, og andregongsbehandling i midten eller slutten av året.
Den daglege leiaren presenterte ein utviklingsplan for prosjektet. Nytt er at selskapet no skil mellom fase 2a og 2b. Fase 2a omfattar 77 mål med det som blir selskapet sine eigne tomter, så vel som tre hyttetomter og fylling i sjø. Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling fortalde at det er dialog med hytteeigarane om å kjøpe dei ut. Fase 2b gjeld 40 mål knytt til eksisterande industri som må relokaliserast, noko Jorde ser risiko ved.
— Me ser for oss å gå frå fase 1 til fase 2a, og så vurdere løpet vidare, sa Jorde.
For fase 3, på austsida av dagens veg, forklarte han at dei må ha ein mykje klarare oversikt over marknaden og behovet før dei går i gang der.
Internasjonale moglegheiter
Vindafjord kommune og Westcon eig kvar sin halvdel av Windafjord Port. Styreleiar Per Bjørn Habbestad gjorde greie for formålet i selskapsavtalen. Han fortalde at Westcon over tid har etablert eit samarbeid med Wergeland Base. Wergeland Base er ifølgje Habbestad leiande i Noreg på havvind, og har utvikla eit større anlegg ved Sløvågen i Nordhordland.
— Westcon og Wergeland samarbeider grunna komplementær kompetanse og kapasitet, sa Habbestad.
Samarbeidet er tenkt formalisert gjennom eit 50/50-eigd selskap Norwegian Offshore Wind Alliance. Bakgrunnen er planar om enorme investeringar i norsk havvind dei neste 20 åra, med fundamentinvesteringar på 450 milliardar kroner for å bygge ut 30 gigawatt. På toppen av dette er det planar om 85 gigawatt på britisk sektor.
— Denne marknaden lokkar oss, sa Habbestad.
Han uttala at verken hans gamle verksemd Aibel, Aker på Stord, eller Westcon i Ølensvåg har industrielle fasilitetar til å handtere havvindmarknaden fordi det krev for mykje plass i forhold til produksjonstimane.
Jorde viste fram kart over marknadsmoglegheiter i Noreg og Storbritannia. I Storbritannia er det store utfordringar med å etablere hamnekapasitet til å kunne dekke prosjekta dei har planlagt, og at dei mest sannsynleg vil måtte gå til Noreg. Leiaren trur Storbritannia vil vere ein stor del av marknaden deira.