Bygg og bu

Fann sitt paradis i Skånevik

For tre år sidan pakka familien Kuijt frå Katwijk i Nederland flyttelasset og sette kursen mot Skånevik. Her har dei funne seg godt til rette og er i full sving med å skapa sin eigen draumeheim.

Publisert Sist oppdatert

Med ei fire mål stor tomt, eit stort hus med basseng og hagestove, ein stor hage med drivhus, kjøkkenhage og nausttomt ved sjøen, står eigedomen i Skånevik i stor kontrast til rekkehuset i byen Katwijk i provinsen Sør-Holland i Nederland. Det vesle landet vest i Europa er eitt av landa i verda som har størst befolkningstettleik, og folk er vane med å bu tett. For familien Kuijt opna det seg ei ny verd då dei flytta til vesle Skånevik.

— Me budde i ein landsby med 77.000 innbyggjarar og hadde ei tomt på 225 kvadratmeter. Den var veldig stor. Og her har me rundt fire mål, smiler ekteparet Dirk-Jan (40) og Esther (38) Kuijt.

Ferieturar

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS